I avisa søndag 20.10 seier Bergens Tidende på leiarplass ja til reservasjonsrett for leger. I nettutgåva illustrerer dei saka med ein baby med ei renneløkke rundt halsen, etter reaksjoner blir biletet teke vekk.

Denne leiaren syner ein ting: For BT er det viktigare at leger kan følgje sin moralske kode enn at jenter og kvinner får legehjelpen dei trenger og har krav på. Det tyder at for avisa er det viktigare å sikre fridomen til dei som har meir makt, enn til dei som har mindre.

At vi risikerer at leger får rett til å reserverer seg mot å henvise jenter og kvinner til abort er trist nok i seg sjølv. At den største avisa på vestlandet går ut og støttar reservasjonsretten, er tragisk. Avisa har mulegheita til å kjempe for rettane til dei svakaste. Her gjer BT det motsette.

Kjerna i problemstillinga er denne: Å bli lege er noko du vel, å bli gravid er kanskje ikkje noko du valde. Det er den gravide, som ikkje vil vere gravid, som er den sårbare i møte med legen. Legen sit i legestolen fordi han eller ho har valt dette arbeidet, vel vitande om kva det innebar. Kvinna er kanskje blitt gravid utan å ha intendert det, og det er umogleg å vite kva som er grunnen til at kvinna sit der. Antan det er overgrep, gløymsle, uhell eller misforståing så har ho krav på legehjelpen sin. Når ho sit åleine framfor legen, ein tillitsperson og autoritet, og ber om hjelp til å løyse problemet sitt forten ho ein lege som ikkje vil fordømme henne.

Det er viktig å understreke at resvervasjonsretten ikkje vil ramme alle like sterkt. Ei viss gruppe rike, ressurssterke, vaksne, trygge, urbane kvinner vil kanskje i mindre grad bli ramma. For dei som veit kvar informasjonen er å finne, kjenner andre med liknande røynsle og har mange legar i nærleiken eller ressursar til å reise, vil det gjerne bli lett å unngå den legen som ikkje vil henvise ein.

Men bur ein på ein liten plass med få legar, eller ein plass med eit sterkare religiøst press på dei legane som finst, er det ikkje sikkert det er like lett å finne ein lege som vil henvise ein: Det kan vere den legen er fleire timar unna. Er ein i tillegg ung, utan bil eller usikker på retten til å bestemme over eigen kropp er det slettest ikkje sikkert ein har kreftar til å gå gjennom alt ein må for å få helsehjelpen ein har rett på.

Reservasjonsretten vil med andre ord ramme dei kvinnene som har minst makt og minst mulegheit til å styre over sitt eige liv.

At BT ikkje står på desse kvinnene si side syner ei viktig ting: For BT er det viktigare å sikre fridom til dei med meir makt, enn dei med mindre. Det kan vere greit å hugse på når vi les avisa frametter.

 

Tekst: Kristina Leganger Iversen, redaksjonsmedlem i Fett.

Share This