FETT vil ha fleire jenter, damer og kvinner inn i samfunnsdebatten, og derfor lagar vi debattskrivekurs for jenter 13.-14 oktober. Bli med!

Vi i FETT meiner debatten, som du ser på bilete, litt for ofte er dominert av menn, og at han blir betre av at fleire stemmer deltar. Vi trur at jenter meiner mykje bra, men at dei ofte har ein høgare terskel for å skrive seg inn i den offentlege samtalen. Derfor skipar vi til debattskrivekurs på Litteraturhuset 13. og 14. oktober, der målet er at jenter skal bli tryggare på debattinnlegget som sjanger, og på det å ta del i eit ordsskifte i ållmenta.

Vi har fått fire av dei beste damene vi veit om til å halde kurset for oss: Sosiolog og redaktør for Nytt Norsk Tidsskrift Cathrine Holst, sosiolog og forfattar Hannah Helseth (som mellom anna har skrive boka Generasjon Sex), forskningsjournalist Ragnhild Fjellro (som nyleg bidrog til Motgift. Akademisk respons på den nye høyreekstremismen) og Fetts eiga Ida Bergstrøm kjem alle for å lære oss det meste vi treng for å tryggare kunne debattere i eit offentleg ordskifte. Dette er folk som veit korleis føre ein debatt, og dei vil gjerne lære nett deg alle triksa dei har lært seg.

Kurset går over to dagar, laurdag 13. og sundag 14. oktober, frå klokka 11-17 begge dagar. Kvernelandsalen på Litteraturhuset er staden. Det er berre tjue plassar, og førstemann til mølla gjelder. Her gjeld det å melde seg på straks!

Takket være støtte frå Bergen kommune vil deltakarar frå Bergen få dekka sine reiseutgifter, og bys overnattingsmoglegheiter i Oslo.

Påmelding skjer ved epost til Anne Marie Adriansen: am.adriansen krøllalfa gmail.com

Alle jenter under 25 år er velkomne, antan dei er vand med å meine mykje og høgt, eller dei tidlegare har vore stille som mus. Kom!

Share This