På plata Getaway legg damene i The Laundrettes ut på musikalsk hemntokt for å hamle opp med Lou Ford, psykopat og hovudperson i 50-tals romanen The Killer Inside Me. Plata vert lansert laurdag 31. august på Crossroads Club i Maridalsveien, og i det høve prata dei med FETT om feminisme, barn og garasjerock.

Dei er med stort sannsyn det mest kjente norske bandet du aldri har høyrt om. Med mindre du er garagerockfan, vinylfantast eller fast inventar i Oslos musikkmiljø. The Launderettes har spelt saman i over femten år, spelt over 200 konsertar, for tusenvis av folk av gongen, og festa dei fleste under bordet på Last Train og Mono. Dei gjev hovudsakleg ut musikken sin på vinyl, har hatt ein song i ei Nike-reklame, speler på nokre av dei finaste festivalane i verda og er no på Steven van Zandt (Little Steven) sitt kredlabel Wicked Cool Records.

Kanskje er dei ikkje ukjende så mykje lenger. I haust kjem deira nye konseptalbum Getaway, og dei speler singelen «Hot Rocks» i neste sesong av Lilyhammer. Kanskje er dette hausten dei blir «house hold names» for det norske folket, nokon alle veit kven er, dei levande prova på at det går an, å spele i band, dra på festivalar, vere tøffast, smartast, hardast, ha vanleg jobbar og familie, og å vere damer samstundes. Om ein berre vil det nok.

Skjønt, The Launderettes drøymer ikkje om alt dette. Dei speler ikkje musikk for å prove noko, ikkje for å få verdsherredøme, men fordi det er så fett. #Denfølelsen, som Cecilie seier det, mot slutten av intervjuet, etter at vi har sitte ein time på The Crossroads Club nedst i Maridalsveien i Oslo, kanskje den einaste plassen i Oslo der du kan få kvite dukar, husmanskost og ekte rock.

Det var her dei ville treffast, og det kan jo ha vore tilfeldig, men hadde eg turt hadde eg nok sagt at det kanskje ikkje var det, men at denne plassen kanskje er den i Oslo som best symboliserer The Launderettes: Kvalitetsmedvitne, kompromisslause, kredible og kvasse. Også koselege, då.

Lat oss starte på byrjinga.

Trufaste til garasjen
Trommis Cecilie Asker og gitarist Linda Kastbakken sitter ute i sola på uteserveringa som ligg nesten i rundkjøringa. Cecilie har flydd frå Øyafestivalen, og Linda kjem direkte frå jobb.

– Vil de fortelje historia frå byrjinga? Korleis starta The Launderettes?

– Du veit du har spelt i band lenge når du ikkje hugsar kor lenge du har spelt i band, ler Cecilie. Ho er trommis i bandet og kommentator i Aftenposten.

– Den første plata gav vi ut for fjorten år sidan. Men bandet starta i 1996. I ein garasje, som eit pønkeband. Så blei vi etterkvart meir inspirert av ungdomsopprører på 50-60-talet, og fann garagesounden, som vi har vore trufast mot sidan då, og som seinare har vore inn og ut av trendbilete, seier Cecilie.

– Men vi har haldt på vårt, heile tida, sjølv om det har vore fleire bølgjer med garagerock inn i mainstreamkulturen, supplerer Linda.

– Korleis vil de skildre lyden av The Launderettes, samanlikna med anna garagerock?

– Vi skil oss nok ut på vokalen frå klassisk garagerock, der det ofte er mykje skriking. Det er ikkje så mykje skriking i The Launderettes, men det tyder ikkje at det er pent og pynteleg, altså. Det er mykje av det som er ganske mørkt, seier Cecilie.

– Mørkt og kaldt, men harmonisk, seier Linda.

– Sårt?

– Sårt, samstemmer dei.

På omslaget til plata er det fleire visuelle hint om det musikalske innhaldet. Der poserer The Launderettes framfor ein Ford (hovudpersonen i The Killer Inside med heiter Lou Ford), og du kan sjå eit par bein stikke ut av bagasjerommet av bilen.

Cleaners, ikkje pinups
Det er ikkje berre musikken til The Launderettes som er sterkt inspirert av femti- og sekstitalet. Også visuelt og tematisk er det denne epoken som er avgjerande for bandet.

– Vi er jo veldig glad i femti- og sekstitalskultur, så vi fann ut at vi ville pakke musikken tematisk inn i noko frå denne tida. Men då ville vi ikkje ha dei klassiske pinup-damene som mange gutar går for, vi ville ha noko tøffare, så vi lét oss inspirere av krim i staden, skikkeleg femtitals hardboiled noir krim. Utgangspunktet er ein roman av Jim Tompson, «The Killer Inside Me», som er ei rå, hard og uhuggeleg bok, forklarar Cecilie.

– Boka handlar om ein seriemordar, som er psykopat, og ettersom det er ei førstepersonsforteljing får du innblikk i kjenslelivet og tankesettet hans. Vi har laga ein spin off av boka, ei historie der vi har snudd på perspektivet. Launderette er jo namnet på eit sjølvteneste-vaskeri, så vi så oss for oss sjølve som cleaners, som jo er eit anna namn for leigemordarar: Nokre tøffe damer som kan make a wrong right, iallfall musikalsk då. Vi oppfordrar jo ikkje vald, seier Cecilie.

– I boka drep han nesten kjærasten sin mot slutten, så vi kjem inn for å rydde opp. Tanken er at plata er soundtracken til ein film som enno ikkje er laga, men som kanskje blir det?

Eit anna blikk – feminisme i praksis
Å snu på historia, fortelje ho frå perspektivet til Joyce, kjærasten som nesten vert drepen, og å hemne seg mot ein fiksjonell mannleg karakter – men òg mot kunst som har idyllisert valdeleg menn og kvinnelege ofre – det høyrest jo til forveksling ut som eit feministisk prosjekt?

– Det blir iallfall eit anna blikk. Vi freistar jo ikkje å vere gutar. Så det vil jo gje eit anna blikk på ting, og det er jo ikkje eit luksusproblem, seier Cecilie.

– Vi har ikkje diskutert feminisme i bandet, men mykje av det vi gjer er jo feminisme i praksis. Men vi er jo òg fem individ, og eg tenkjer at du får ikkje noka betre form for feminisme enn at fem individ ikkje snakkar om feminisme, men berre snakkar om musikk når vi treffast.

Vil du utdjupe kva du meiner med feminismen i praksis?

– Ja, eg kan gjerne seie at eg feminist i teorien òg, men eg tenkte på det fordi vi snakka om det i går, at vi i bandet aldri har diskutert feminisme. Vi veit jo at nokon i bandet er feministar, men vi kunne ikkje snakke for alle i bandet, for vi hadde jo aldri snakka om det, om feminisme og om bandet var faministisk, og det fann vi ut var litt kult. For det tyder jo at det vi held på med er det viktige.

– Held på med rock for å helde på med rock, og ikkje fordi det er få kvinner som gjer det?

– Nettopp, musikken er det viktigaste, samstemmer Linda.

– Men det gjer jo ikkje oss noko om vi kan vere førebilete for nokre unge jenter! Det er jo berre stas, seier Cecilie.

– Vi er jo veldig klar over at vi er i eit mindretal i den sjangeren vi speler, seier Linda.

Når The Launderettes reiser for å spele konsertar tek dei barn og barnepassarar med seg. Her frå backstagen til London Hard Rock Calling. Foto: Privat

Babyen på ein aksel, gitaren på den andre
At dei er i mindretal som kvinneleg garasjerockarar er dei ikkje åleine om å vere medvitne om. Dette er nemleg noko dei gjerne vert minna på – til dømes når dei er på turnear med menn og barn. Den noe ukonvensjonelle rollefordelinga – kvinner som speler konsertar, menn som passar barn – har nemlig ved fleire høve vekt merksemd.

– Då vi var på London Hard Rock Calling delte vi backstage med Iggy Pop og dei andre i The Stooges, og då trefte mannen min Anders på James Williamson, gitaristen i bandet, som så på han og sa «You’re really brave, man». Så tittar mannen min på han? «Kva då? Eg berre står her. Det er ikkje eg som står på scena!»

Cecilie ler.

– Det er tydelegvis noko dei syns er veldig rart, noko dei sjølv aldri ville gjort, sjølv om dei sikkert har barn, seier Linda.

– Men det var jo litt sprøtt då, sitje på backstagen, amme, så bli henta og bli kjørt rett opp på ei scene og spele, vi var jo litt spent då, for ein veit jo aldri heilt korleis det skal gå, men i augneblinken vi gjekk opp på scena var det som om alt gjekk veldig fort. Og plutseleg såg eg at det sto fleire tusen menneske der og då tenkte eg berre «det her blir fett». Og det var det! gliser ho.

– Men det er jo ikkje sånn at vi presser på, vi speler berre så lenge vi er komfortable med det og har lyst til det, understrekar Linda.

– Og om nokon har barn med er vi jo alle med på laget og hjelper!

– Og så må ein ikkje tru at det er sånn kjempelett, seier Cecilie.

– For det er det faktisk ikkje. Det er utruleg slitsamt, sjølv om alle forholda ligger til rette, kostar det ganske mykje. Du må skifte fokus heile tida. Vi hadde ikkje gjort det for ein liten festival, om vi måtte kjøre bil til dømes. Men vi gjer det jo fordi vi vil gjere det vi gjer, seier ho.

– Og då legger vi forholda til rette så godt vi kan, supplerer Linda.

– Så det går.

– Det går. Men vi skal ikkje gje inntrykk av at det berre er å slenge babyen over den eine akselen og gitaren over den andre og dra ut på festival! avvsluttar Cecilie.

Lett eller ei: Damene i The Launderettes får det til og er tøffare enn dei fleste. Albumet deira Getaway lanserast 31. august med sleppfest på Crossroads Club og kan kjøpast på Big Dipper i Oslo. Digitalt lanserast plata interansjonalt i slutten av oktober. Sjekk det ut!

Share This