Jacky in the Kingdom of Women er en tullete og komisk film, og den ultimate syrestesten for å avsløre kjønnsdiskriminering.

Filmkommentar av Susanne Egset, redaksjonsmedlem i Fett

Jacky in the Kingdom of Women (Jacky au royame des filles) går føre seg i diktaturet Bubunne, eit fattig, isolert land der kvinnene har makta og mennene er undertrykte hushaldningsslavar som gjer husarbeid i heildekkande slør. Eit meir lovande utgangspunkt for samfunnskritisk underhaldning skal du leite lenge etter.

Filmen er ei skrudd askepott-forteljing satt i eit univers der kvinnene fører krigar, spyttar, køyrer moped og kjøper ektemenn til døtrene sine. Kvinnene ved makta har stor glede av posisjonen sin – og tek seg til rette.

20 år gamle Jacky (Vincent Lacoste) er den vakraste guten i gata som alle kvinnene vil betale for å gifte seg med, men han er botnlaust forelska i generaldottera Colonelle (Charlotte Gainsburg). Colonelle skal halde ball for å finne seg ein ektemann, og ein drøymesjans for Jacky openberrar seg, men vegen til det komfortable liv er sjølvsagt ikkje plankekøyring for vår uheldige helt.

Den syrisk-franske regissøren Riad Sattouf har regissert ein tydeleg kritikk av både kjønnsroller, diktaturregimer og islamsk fundamentalisme. Latteren sit laust når dei lutrygga mennene i burka snakkar om å få mange døtre med den attraktive diktatordattera, og når kvinnene oppfører seg – vel – som menn. Det er tidvis hysterisk – ikkje fordi manuset er så genialt som det kanskje burde ha vore, men fordi det er ein setting der kjønnsrollene er stikk motsatt av det vi er vant til.

Eit oppfinnsomt ordgalleri er også med på å understreke korleis språket er brukt til å fremje kjønnsdominans, noko ein ikkje treng å vere fransktalande for å sjå humoren i, for oversetjinga er snedig og god.

Filmen er tullete og komisk, men den er også ein manifestasjon av den ultimate syrestesten for å avsløre kjønnsdiskriminering.

Filmen visast for siste gong på Victoria Kino laurdag 15.30. Sjå den.

Share This