Om GIRLS tek vare på dei runde karakterane i neste sesong, kan Lena Dunham (26) vere med på å forme kroppsoppfatninga til ein heil generasjon jenter. Det trengs.

Tekst: Øystein Espe Bae frå Volda, busett i Oslo, Skreiv master i nordisk litteratur om identitet og maskulinitet I Carl Frode Tillers Innsirkling, jobbar som journalist og frilansar innan feltet barne- og ungdomslitteratur

Tv-serien GIRLS er av fleire kritikarar haldt fram som ei feministisk fornying av sitasjonskomediesjangeren. Ei kvardagsleg forteljing om identitetssøkjande, studielånstynga middelklasseungdom i New York. Serien er skapt av Lena Dunham, som òg spelar hovudpersonen sjølv.

Kvinner i hovudrollene

I sommar såg eg heile den første sesongen av GIRLS i eitt jafs saman med kjærasten. I begynnelsen var eg litt slik høfleg avventande, slik eg ofte er når eg speglar meg sjølv i nye kulturfenomen. Ein kan med andre ord kritisere meg for kulturkonservatisme på tv-seriefronten: Eg vil helst ikkje bruke tid på noko eg ikkje er sikker på at held mål, og opp igjennom har eg såleis haldt meg til dei store kanonane som eg visste var verdt tida mi: The Wire. Breaking Bad. Dexter. Er det tilfeldig at dette er seriar med meir eller mindre handlekraftige menn i hovudrollene? Om GIRLS tenkte eg i begynnelsen «Kanskje eg ikkje er heilt i målgruppa?». Kvifor er det slik? Eg har jo lenge tenkt at eg gjerne vil sjå fleire kvalitetsseriar med kvinner i hovudrollene.

Tv-seriar blir virale fenomen på få timar. Eg likar korleis seriar berre kan sprenge bort alle andre gjeremål ei helg, eller ein juleferie til endes. Eg likar det førestilte fellesskapet som oppstår når mange av venane mine sit på kvar sin kant og fortløpande lastar ned den siste episoda av the next big thing, at vi snakkar om det i sosiale medium før, under og etterpå, og refererar til det i helgene, når vi endeleg møtes andlet til andlet. Eg likar også at enkle kommunikasjons- og konsumentteoriar om stimulus-respons og påverknadspotensialet i kulturelle uttrykksformer ligg igjen i det førre årtusenet, men fordi alle 20-30-åringar eg kjenner brukar store deler av fritida si på å sjå og snakke om tv-seriar, er vel ikkje følgjande påstand kontroversiell: Seriane evnar å påverke haldningar og kjensler knytt til kropp, sex og identitet. I alle tilfelle påverkar dei meg, både når det gjeld kunnskap og språk, og dei gir meg også høve til å ta andres perspektiv.

Positiv fridom

Det er ikkje særleg banebrytande å peike på at seriar som Sex og singelliv – og i seinare tid Gossip Girl – var medverkande til å gjere det stuereint for ein generasjon tidlegare rriot girls og tredjebølgjefeministar frå middelklassa å bruse med brysta, bli seksuelt storspiste og designerbevisste. Spørsmålet er om det har bidratt til å utvide eller snevre inn den reelle, positive fridomen til kvar einskild. Men at ein serie som The L Word lukkast med å få latente lesber til å krype ut av skapet ut over 00-talet, er vel heller ikkje så usannsynleg, og må reknast som udelt positivt. Nokre seriar påverkar generasjonar, andre seriar påverkar smale subgrupper.

Eg er usikker på om nokon tv-serie fortenar den omfattande mediedekninga som GIRLS fekk tidlegare i år, men for å betre forstå GIRLS som feministisk fenomen, er det naudsynt å sjå serien i samanheng med kulturen rundt, og resepsjonen serien fekk i vekene etterpå.

GIRLS har vist at hatarar alltid kjem til å hate. Særleg i USA. Det tv-seriesjåande publikum i USA er visst ikkje vande med normalt utsjåande jenter i beste sendetid: Etter første episode gjekk av stabelen eksploderte ukvemsorda på nettet, mest retta mot serieskapaparen Lena Dunham sin ikkje fullt så syltynne fysiognomi. Den framståande journalisten Andrea Peyser i New York Post kalla serien for «Sex and the city – for ugly people» og Hannah-karakteren «fat». I Noreg fletta GIRLS seg derimot inn i ein trend, der framståande kulturpersonlegdomar i det siste har forfekta eit slags attende til naturen-kroppsideal i media. Det vil seie, alt er vel kanskje som før, berre med litt ekstra hår under armane når trendjournalistar bankar på døra og skal ta bilete. Peyser føyar seg inn i ein farleg nedrakkande trend. Susan Bordo hevdar i artikkelen Reading the slender body at det kulturelt normative fokuset på slanking og vekt, som Peyser jo faktisk bidreg til, «may function as one of the most powerful normalizing mechanisms of our century, insuring the production of self-monitoring and self-diciplining «docile bodies» sensitive to any departure from social norms and habituated to self-improvement and self-transformation in the service of those norms». Ein serie som utvide desse normene, som normaliserar og ikkje straffar overtrakk med latterleggjering, fortenar den merksemda den kan få.

Det er elles litt for lett å opprøre amerikanarar. Å kalle serien GIRLS, men ikkje ha med afro-amerikanske karakterar, blir det styr av i USA, og det er dette dei fleste mediekommentatorane i dei store avisene hengte seg opp i der over. Det verkar å vere eit rasepolitisk premiss at først når ein har svart person med i vennegjengen kan ein hevde nokon form for representativitet. For korleis kan ein bu i New York utan å ha anna enn kvite venar, spør ein seg der borte.

Identitetskrise

Resepsjonen av GIRLS har også vist at publikum vil ha flate karakterar. Ein annan av dei fremste og mest seriøse innvendingane mot serien som totalitet, har vore at Lena Dunham sine karakterar ikkje er likandes nok, kva enn det betyr. Eg trur det handlar om at dei er såpass runde som karakterar (ikkje tjukke!), at (spesielt det amerikanske) publikum er vande med figurar som ikkje overraskar så mykje. Hannah er jo i serien umogleg å forstå seg på, og ho er ein upåliteleg forteljiar som vert råka av ironi utan at ho heilt veit det sjølv. Marnie er den flinke, som ikkje er så flink likevel, Jessa er den meir bekymringslause, men som viser seg å ha bekymringar likevel. Når dei går utanom det som er forventa i konteksten av ein situasjonskomedie om ein jentegjeng – og møter motstand i kvardagen – er ikkje dette gjort slik fordi vi som sjåarar skal godte oss over kor aparte dei er, men like mykje få opp augene for kva strukturar som omgir dei, kor avhengige dei er av foreldra si økonomiske støtte, kor fôra dei er på sosialiserte imperativ om å vere eit skapande individ, korleis dei på sett og vis er i ei identitetskrise alle saman. Det er realistisk og framfor alt, uflidd kvardagsleg. Det er dette som gjer det til ein god serie: At Hannah ikkje får av seg strømpebuksa før dei skal ha sex, at professorforeldra ikkje lenger vil betale for hennar liv som uløna lærling, og vibrasjonane i scena der Adam grip kring Hannahs så vidt synlege bilringar og lurer på om ho snart skal slanke seg.

Sutrete kritikkar

Høge forventingar kan drepe ein serie før den er komen ut, og liknande forventningar til kva ein tv-serie kan bety for det kvinnelege kjønnet har ein vel knappast sett sidan Sex og singelliv. Ei rekkje sutrete kritikkar meiner namnet på serien indikerar ein slags ambisjon om å dekke over alle jenter, og påpeiker følgjeleg at serien ikkje lukkast med akkurat det. Dunhams karakter Hannah svarar på tiltalen allereie i piloten, på typisk vis: «I think I might be the voice of my generation. Or at least, a generation … somewhere». GIRLS hevdar ikkje å vere om noko anna enn akkurat desse jentene. Akkurat det kan ein berre kritisere serien for dersom dei tilfeldigvis tok den siste ledige plassen i ei for alltid spikra sendeflate.

At GIRLS er ein av få seriar der dei kvinnelege hovudpersonane til sjuande og sist ikkje er under direkte overoppsyn av menn, kan ha bidratt til å forsterke inntrykket av at dei er kvinnelege rollemodellar. I alt for mange tv-seriar fungerar mannskarakterar (utilsikta?) som eit slags skjold mot forventningar om feministisk representativitet og overføringsverdi (Tenk Liz Lemon i 30 Rock eller Leslie Knope i Parks and Recreation). Kvinnekarakterar kan som regel opptre så outrerte som berre det, utan at serieskaparane får kasta universialistiske forventingar mot seg. Så lenge det er ein mann som held paraplyen, kan kvinna søle seg til så mykje ho vil.

Alfahann

Det er viktig å hugse på at Dunham har laga ein vittig og upretensiøs situasjonskomedie, ikkje eit feministisk manifest. Der ligg mesteparten av appellen, i dei Larry David-flaue, utleverande scenene, dei vittige replikkvekslingane, den upålitelege forteljaren Hannah, samleiescenene vi identifiserar oss med fordi dei er så kleine, skitne og avkledde på så mange måtar. Eg tek eg meg forresten i å tenke at GIRLS nesten handlar like mykje om menn som kvinner. Eg heng meg spesielt opp i Hannah sin kjærast Adam (Adam Driver), ein slabbedask av ein arbeidsledig alfahann, utan kjønnshygiene og relasjonell sensitivitet for intimgrenser, men med ein slags x-faktor eg ikkje heilt forstår. Kvifor blir Hannah så tiltrekt, tenker eg, slik eg alltid tenker når jenter blir tiltrekt gutar som ikkje er bra for dei, før eg snakkar med venninner og kjærasten min, som også tydelegvis er like verliebt i denne frekt ærlege, men nevrotiske fyren. Ein annan mannskarakter i serien, Charlie (Christopher Abbott), grensar mot det parodisk infantile, og kjærasten Marnie må faktisk oppfordre han å gjere «what 
men do», i staden for alltid å vere så
 avseksualisert mjuk og forståingsfull. Ein parodi på stereotypen moderne mann.

Ein tv-serie vert ikkje automatisk feministisk berre fordi ei jente 
har nokre kilo meir enn dei andre. Og Lena Dunham er jo faktisk ikkje tjukk ein gong! Ho er ei søt, normal jente som berre blir feit i den konteksten ho opererer i. Når GIRLS kan skape stor debatt om normene for utsjånad i amerikanske tv-seriar, på bakgrunn av ei jente som ikkje egentlig er tjukk, betyr det at jenter som faktisk er overvektige ikkje har ein plass på skjermen i ein serie som dette? Som ei normalt utsjåande jente sa til meg her om dagen, «eg hadde ikkje identifisert seg med henne dersom ho var tjukkare». Ein feit kropp er ein kulturelt vanskeleg seksualiserbar kropp i tv-serieverda, og noko som ikkje ser seksualiserbart, er ikkje salgbart.

Over nyttår kjem oppfølgjarsesongen, og det vert spanande å sjå om serien kan utvikle både kvinne- og mannskarakterane på ein kvardagsleg, truverdig måte. Dei kan gjerne utvikle seg til å bli enda rundare karakterar (i begge tydingar av ordet), for min del, og særleg mennene, for kroppsnormativitet er ikkje berre noko som vedkjem jenter. Viss dei klarer det, kan GIRLS bli til noko meir enn ein 2012-spesifikk hype. Lena Dunham kan ta steget inn i historiebøkene som den første serieskaparen som etter Sex og singelliv klarte å forme den generasjonen som hadde fått nok av krystallslipte kroppar og manhattanfeminisme. Den endringa ønskar eg velkomen, og ventar i spaning på om kjærasten snart sluttar å barbere seg under armane ho også.

Artikkelen stod på trykk i Fett #2 2012.

Share This