Bokomtale av Ulli Lust si bok I dag er den siste dagen i resten av ditt liv. Vert gitt ut i norsk utgåve på No comprendo press i oktober, oversatt av Ute Neumann. Originalen sin tittel: Heute ist der letzte Tag vom Rest deines Lebens, utgiven på avant-verlag, Berlin 2009. 463 sider.

Tekst:  Geir Tore Brenne

I dag er den siste dagen i resten av ditt liv er ein teikneserieroman på vel 400 sider – ein kan fint seie det er ein murstein. Boka er lagt opp som kortare kapittel på 10-20 sider. Det vert som ei novellesamling, for kvar av kapitla er ganske sjølvstendig i forhold til kvarandre, sjølv om dei forhold seg til same rammeforteljing. Forfattaren er Ulli Lust, eit allereie etablert namn innafor den tyske og franske teikneserie-verda, men dette er hennar største verk so langt. Ho har frå før av gitt ut fleire mindre bøker, og har også lagd fleire teikneseriereportasje til tyske aviser. Ho er også ein av personane bak Electrocomics.com, ein nettstad der ein kan laste ned teikneseriar gratis i PDF format. Teikneserieromanen – eller «graphic novel», på engelsk – refererer til ein kategori teikneseriar som vert gitt ut i bokform. Denne sjangeren har utvikla seg sidan 1970-talet, og vorte stadig meir kjend og etablert. Teikneserieromanen skil seg frå vanlege teikneseriar på fleire måtar. Vanlege teikneseriar har typisk vore publisert i kortare form i form av avisstriper eller hefte. Om det har vore lengre historier, har dei vore seriar sprett utover fleire hefte. Teikneserieromanen har ein viss størrelse, gjerne fleire hundre sider som gir forfattaren høve til å gå meir i djupna på eit tema. Medan vanlege teikneseriar typisk har vore meir orientert mot eit ungdomleg publikum, så har teikneserieromanar hatt vaksne som si viktigaste målgruppe, såleis også og vore oppteken av andre tema. Av kjende forfattarar i sjangeren kan ein mellom anna nemne Will Eisner, Neil Gaiman, Joe Sacco og Mariane Satrapi.

I boka fortel forfattaren, Ulli Lust om livet som ung 17-åring i Wien på 1980-talet. Ho er ei skulelei punkjente, som slutar skulen ved fyrste høve. I staden for skule, tilbringar ho tida si i sentrum i Wien, saman med andre pønkarar og narkomane som heng på gata. Ho blir kjent med Edit, som er i liknande situasjon som ho sjølv. Dei vert etterkvart nære veninner og delar både gleder og sorger. Dei bestemmer seg for saman å dra ein tur til Italia. Det er denne turen brorparten av boka tar føre seg. Dei legg ut på turen heilt utan pengar, og klarer berre så vidt å kome seg over grensa til Italia.

På turen kjem dei mange gonger opp i situasjonar der menn prøver å ha sex med dei, nokre gonger svært innpåslitne og manipulerande. Ein gong vert ho også valdteken på ein nokså brutal måte. I Italia vert dei kjent med ein undergrunn av unge som lev delvis på gata. Ulli finn ut at som søt jente så er det mogleg å fø seg ved å tigge, så ho klarar seg. Ho kjem seg også til Sicilia, og får sjå dei meir tradisjonelle sidene ved Italia. I forteljinga hennar vert det rom for gode miljøskildringar av punkmiljøet i Wien og dei unge og stort sett narkomane uteliggarane ho heng med Italia. Men ho klare også å ta opp viktige allmenne tema: som kjønn og makt, venskap, å bli vaksen og å kunne gjere eigne val og ta ansvar.

Noko som gjer Lust si bok fengande, er at ho er svært direkte og ærleg i måten som ho fortel på. Ho er aldri sjølvrettferdiggjerande: det er som om at dei åra som har gått sidan ho opplevde hendingane som ho fortel om i boka, har gitt henne god distanse. Stundom kjem ho inn på personlege og intime situasjonar, men gjer det på ein svært god og også realistisk måte. Måten ho brukar teikneserien som eit medium heng saman med dette: Ho variera i måten som ho teiknar seg sjølv og andre på, for å syne fram kjensler eller forhold mellom dei. Ho brukar tidvis ein «teikneserie»-liknande stil med overdimensjonerte hender og hovud, og tidvis ein meir realistisk stil som tenderar mot naivisme. Hennar bruk av teikneserie fungerer svært godt som medium for å gjengi komplekse situasjonar.

I boka kjem det fram korleis ho lukkas å flykte frå dei avgrensa rollane og manglande rommet for handling som ho erfarer med familien i Wien. Som einslege unge jenter ute på reise, tiltrekkjer ho og veninna seg merksemd, særleg frå menn. Tidvis nyt dei denne fridommen og søker den spenninga og seksuelle merksemda som dei får av dei. De får heilt andre sosiale høve enn det dei hadde heime. Men dette har også sine ulemper, som kjem særleg klart fram når dei kjem til Italia, og sørover til Sicilia. Ikkje berre er kjønnsrollene meir patriarkalske jo lenger sør dei dreg, men dei kjem i ein posisjon som gjer dei også meir sårbare: Dei snakkar ikkje språket, dei har ikkje pengar, dei har ikkje lokale kjende og må henge på gata og på offentlege stadar der det er vanskeleg å beskytte seg.

Ho skildrar korleis ho vert sett på som sexobjekt nesten uansett kvar ho går. Som oftast når dei får hjelp til noko – som dei treng nokså ofte, sidan dei ikkje kjenner stadane særleg godt eller har noko pengar – så kjem det forventning om «noko attende» frå dei mennene dei møter. Nokre gonger skriv ho om korleis dei tek riskar, og ein gong går det galt. På tross av dette har ho ein ambivalent haldning til dei : ho lar seg underhalde og forføre, og veljar sjølv å søke spennande situasjonar. Ho veit at ho heile tida kan vende heim til den trygge familien i Wien viss ho gjeng til politiet, men unngår dei i det lengste. Då ho får moglegheita til å bu komfortabelt og gratis på eit rom hos ei eldre dame, stikk ho ved fyste anledning. Ho føretrekk heller å sove ute regnet, enn å la seg underordne den kontroll det vil føre med seg å bu ein stad der ein konservativ vaksen kan leggje merke til det ho gjer.

Dette er ei bok som er viktig langt utover kretsen av teikneserieinteresserte. Dei tema som ho tek opp gjeld sakar som er aktuelle og som mange må relatere seg til. Eg kan ikkje hugse å ha sett nokon framstilling av seksuelle press situasjonar og overgrep på ein så bra og nyansert måte som vert gjort i denne boka. Ved å la vere å ta ein passiv offerrolle og heller karakterisere situasjonane i all si kompleksitet, skil boka seg frå mange andre framstillingar som meir einsidig syner kvinner som offer. Dette gjer boka også til interessant lesing for menn, sidan ho lukkas i å få fram korleis det kjennest å vere utset for trakassering som kvinne. Den italienske settinga som ho skildrar er kanskje ekstrem, men det er framleis parallellar til vårt samfunn som lesaren lett kan kjenne seg igjen i. Den svenske kulturjournalisten Johanna Koljonen lagde i fjor ei webside #prataomdet der ho skreiv og publiserte forteljingar frå «seksuelle gråsoner». Koljonen spør etter nye måtar å kunne snakke om seksualitet på som opnar meir opp for ambivalens, for å unngå å sjå handlingar i svart/kvitt. Dette gjer betre høve til å snakke om egne og andre sine grenser, og overtramp i forhold til dei. Lust si bok bidreg til å gje oss det repertoar av forteljingar me treng for å få til dette.

Bilder: Forside fra den norske versjonen, samt utdrag fra den originale tyske utgaven. Gjengitt med tillatelse fra No comprendo press/Ulli Lust.

Share This