luke15napolikvartetten_1-3_elenaferranteBOKSERIE: «Napoli-kvartetten» av Elena Ferrante er ein serie på fire romanar, som handlar om venninnene Lila og Elena. Dei veks opp i ein fattig del av Napoli i 1940-åra, og romanserien følgjer venninnene gjennom livet, frå unge jenter til gamle kvinner. Bokserien omtalar på mesterleg vis eit venskap med nærleik og løyndommar, men også vondskap og sjalusi. Romanane skildrar eit Italia i rask endring, og gjev lesaren innblikk i spenningane mellom forventningar og verdiar frå samfunnet og ønskjet om å kunne ta sjølvstendige val. Kjønnsrolle, samfunnsklasse, tilhørsle og identitet er berande tema i romanane, og den vanskelege relasjonen mellom dei som reiser vekk og dei som blir igjen. Siste bok kom på norsk i november, så her er det berre å kjøpe inn og avlyse alle planer i juleferien!
Kjersti

  • Mi briljante venninne, Historia om det nye namnet, Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet av Elena Ferrante. Oversatt av Kristin Sørsdal. Samlaget. Kjøpes for eksempel på Tronsmo.
Share This