Fett lanserte i helga sitt deilige dobbeltnummer på litteraturmessa i Gøteborg. Dobbeltnummer tyder sjølvsagt eit blad som er dobbelt så stappfullt av godsaker som vanleg, og det syns vi er ganske fantastisk, kledeleg ubeskjedne som vi er.

Kva kan du lese om? Bladet har eiga temaseksjon om mannen og – den akk så mediehypa? – mannskrisa. Bjørgulv Braanen er hovudperson i Revolverintervjuet, og bekjenner seg som både maskulinist og feminist, både for og i mot kjønnskvotering, men er, som han understreker, først og fremst mann. Men kva tyder eigentleg det?

Politisk redaktør Marte Mesna gjer eit analytisk djupdykk i «Anders Behring Breivik og gjengens» antifeministiske tankegods, og ser på angstens kvinneghatende refreng. Kvifor er nett antifeminisme så viktig for dei høgrevridde mannsaktivistane?

Her er òg fleire tekster der menn ser på den nye mannsrolla: Håvard Nyhus gjer som han får beskjed om, tek bussen til Ikea, og utforskar på vegen rolla som kvit, undertrykt middelklassemann. Erlend Ytre-Arna Vågane dykkar på si side historia til dei mannsaktivistane som kjempa fram denne mjuke mannsrolla. Kva i all verda var dei for ein gjeng, og kvifor var den mjuke mannen noko dei kjempa for?

I tillegg til mykje menn om menn, har vi sjølvsagt stoff om andre ting: Vi elskar Pussy Riot, og i dette nummeret kan du lese Hilde Sofie Pettersen om nett kvifor Putin pissar på seg i redsle for punkgruppa som nett no sit bak lås og slå.

GIRLS er ei anna jentegjeng som har fanga vår (i tillegg til resten av verdas) merksemd, og i bladet kan du lese to forskjellege essay om serien. Øystein Espe Bae og Maria Dalland Larsen freistar her å finne ut nett kvifor serien har slått sånn an, og reflekterer over kva som skil serien frå alle dei andre, amerikanske seriane vi glupskar i oss. Sist men ikkje minst skriv dei begge om GIRLS og kjønn: Er dette eigentleg ein jenteserie? Og kva i all verda vil det seie?

Og dette er ikkje alt: Intervju med Nils Bech og Siri Hustvedt, reportasjar om Radio Orakel og sexkjøpslova, essay om Strindbergs misogyni, og Hanne Sørvågs avkleidde, prkåte mediespel.

Sexy, ikkje sant?

Snart kjem det i butikkane. Og då er det eigentleg berre ein ting å gjere: Pelle seg ned på Narvesen og få tak i heile herlegheita. Og er du fattig, kan du jo allereie no starte å skrive ønskelista til jul, med FETT-abonnement plassert på toppen. Så slepp du å få masse kleine gåver du eigentleg ikkje vil ha. Og så får du FETT i posten, ferskt, før alle andre. Lurt, ikkje sant?

Share This