Litteraturmessa i Gøteborg har tema NORDEN, og kva passa vel betre enn at tre av dei tøffaste nordiske feministtidsskriftene treftes for å ha samtale om nett det å lage feministiske tidsskrift i Norden?

Deltakarane var dei tre tidsskriftsredaktørene Charlotte Myrbråten (frå FETT), Sara Eriksson (frå finsk-svenske ASTRA) og Trifa Shakely (frå svenske BANG). I tillegg til å prate om felles røynsle frå feministisk tidsskriftsproduksjon, snakka dei om situasjonen generelt i dei nordiske landa: Om antifeminisme og feminismehat, om framgongen til rasistiske parti, og ikkje minst, viktigheita av å tre ut av komfortsona og nytte alle moglege kanalar for å lage eit stort, inkluderande feministisk rom: For analyse, refleksjon, kritikk og frigjering.

Sidan temaet for samtalen var nordisk samarbeid, sette vi like godt i gong litt samarbeid om dokumenteringa av hendinga, og fekk teikneserieskaparen Frøydis Sollid Simonsen frå Seriaskolan i Malmø til å teikne frå samtalen. Her kan du sjå kva ho fekk gjort:


`Charlotte Myrbråten, Trifa Shakely og Sara Eriksson samtalar på litteraturmessa i Gøteborg.


Det gjelder å kome ut av debattsona, og inn i samtalesona, meiner Sara Eriksson. Og då må ein gjerne ut av komfortsona samstundes.


Dette er viktig, er Charlotte samd i. Spesielt ettersom tidsskrifter berre lesast av middelklassen. Skal ein nå ut til fleire, må ein tørre å nytte andre kanalar.


3D-arbeidet er måten Sara Eriksson forklarar strategien for å nå fram: Bladet, sosiale medier og hendingar ute blant folk.


Skal ein nå fram til alle, er det viktig at alle moglege folk er representert i bladet. Men korleis få fram ei god blanding av skribentar og bidragsytarar?

Share This