Tekst: Reidar Schei Jessen

Hanne Marie Johansen har skrive eit høgst nødvendig oppslagsverk over den skeive historia i Noreg

Hanne Marie Johansen er historikar og til dagleg førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved Universitetet i Bergen. Boka er ifølge forfattaren sjølv skriven fordi dei etterspurde ”queer history”- bøkene har mangla på norsk. Johansen sin bruk av omgrepet ”queer” er eit nøye gjennomtenkt val. Queer oppsto blant amerikanske aktivistar og akademikarar på 1980-tallet som ein reaksjon på fastlagte kategoriar som homo og hetero. Dei meinte at homorørsla var for toleransesøkande, og at rørsla godtok å vere ”den andre” – den homofile motsetnaden til heteroane – i staden for å kritisere dei underliggande heteronormene. Interessant nok har dette omgrepet – som skulle røre opp i fastlagde kategoriar – blitt ei viktig felles nemning og identitet i Norge for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre som bryt med normer for kjønn og seksualitet. Dette er samstundes typisk i den skeive historia, ifølgje Johansen: Omgrep og identitetar for kjønnsminoritetar og seksuelle minoritetar har alltid vore i endring, skjellsord har blitt snudd om og tatt i bruk for å yte motstand.

Skeive linjer i norsk historie ble gitt ut på Samlaget i år, 2019.

Johansen har valt ei tradisjonell historieskriving, der ho byrjar med å skildre kjønns- og seksualitetsmangfald i norrøn tid og skriv seg fram til den moderne homorørsla og dagens situasjon. Frå den internasjonale homohistoria veit vi at kjønns- og seksualitetsmangfaldet har vore stort, skriv Johansen. Det var den amerikanske historikaren John Boswell som for alvor sparka i gong homohistoria, med sitt standardverk Christianity, Social Tolerance, and Homosexuality i 1980. Boswell hevda at det fanst urbane gay-subkulturar i gresk-romerske samfunn, og at fordømminga av homofile personar ikkje stammar frå urkyrkja, men teologi som først kom i middelalderen. Denne historiske tolkinga har blitt utfordra i seinare tid: Den moderne identiteten «homoseksuell» oppstod først på 1800-talet, i samanheng med at seksuell omgang mellom menn vart kriminalisert og at psykiatrien byrja interessere seg for ikkje-heteroseksuelle praksisar. Ifølge ei slik historiefortolking vil det vere problematisk å bruke moderne omgrep for homoseksualitet når vi studerer eldre tider, sidan identiteten homofil slik vi kjenner han i dag er relativt moderne. Historikarane er derimot einige om at det finst dokumentasjon på ikkje-heteroseksuell praksis langt tilbake i tid. Forsking på eldre norsk historie tyder til dømes på at kjønnsskifte og kjønnsoverskriding ikkje var ukjende fenomen, noko Odin-skikkelsen i form av ei kvinne vitnar om.

Kjønnoverskriding var ikkje ukjende fenomen i eldre norsk historie. Her er Odin maskulin, men det finst også bilder av Odin-skikkelsen som kvinne.
Foto: Wikimedia commons

Det er derimot dei første skriftlege lovane frå 1100-talet som kan gi oss inntrykk av normative oppfatningar om skeive. Mykje tydar på at «sodomi» var ulovleg, men at dette i stor grad var sovande paragrafar. Frå slutten av 1800-talet byrja straffesystemet for alvor å interessere seg meir for sex mellom likekjønna, og det vart kriminalisert i 1842. Kriminalisering inneber også ei presisering av kva ein meiner med sex. Ulike definisjonar og forsøk på presisjon av kva ein hadde in mente vart diskutert. Var til dømes sex mellom kvinner inkludert, og var det berre den aktive part som skulle bli straffa, eller den passive også? Ein høgsterettsdom frå 1854 stadfester at lovteksten «omgjængelse imod naturen» viser til penetrering under seksualakta. Dei meinte derfor at lovforbodet ikkje omfatta kvinner. Norsk Høgsterett har altså tatt stilling i ei slik sak.

Den moderne skeive historia byrja for alvor på 1800-talet, i takt med kriminalisering og psykiatrien si interesse for ulike seksuelle «perversjonar». Skandinaviske historikarar er tydelege på at den psykiatriske diskursen om homoseksualitet – i stor grad fordømmande og patologiserande – bidrog til at den sosiale rolla som homofil vart utvikla. Mange medisinarar hevda at homoseksuelle og andre grupper som braut med kjønnsnormer ikkje kunne straffast, fordi dei i staden trengde ein «kur» mot legninga si. Desse aktørane la i stor grad ei biologisk og essensialistisk forståing av homoseksualitet til grunn, dei homofile kunne ikkje noko for det og trong difor aksept. Likevel var det først i 1972 at homoseksualitet vart avkriminalisert i Noreg, fleire tiår etter Sverige og Danmark. I denne delen gjer Johansen fint og informativt greie for korleis utviklinga av den homofile identiteten, og andre skeive uttrykk som vi i dag tek for gitt, er resultatet av ei kompleks historisk utvikling.

På 1950-tallet blei Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) etablert som den første interesseorganisasjonen for homoseksuelle kvinner og menn. I byrjinga arbeidde dei stille og målretta for avkriminalisering. Foreininga var samstundes ein viktig møteplass for skeive. Etter at homofili vart avkriminalisert i Noreg i 1972 – fleire tiår etter Sverige og Danmark – arbeidde den skeive rørsla for andre formar for rettsleg vern. På 1970-talet var den norske homorørsla herja av splitting, og særleg den såkalla AKP-striden får mykje omtale. Dette er kanskje den beste delen av boka, her blir både dei politiske kampane og det skeive kulturlivet skildra godt. Det fine innblikket i 1960- og 70-tallets skeive Noreg vegar opp for at boka i vel stor grad fokuserer på rettslege spørsmål, medan kvardagslivet kjem litt i bakgrunnen. Samstundes skuldast dette sannsynlegvis mangelen på historisk forsking, slik forfattaran sjølv påpeiker.

Skeive linjer i norsk historie er eit praktisk oppslagsverk som kan opplyse den engasjerte og nyttast som danning for den som møter den skeive historia for første gong. Johansen lukkast med å vise korleis den skeive historia er ein del av vår felles arv. På same tid som diskursane har tilrettelagt for diskriminering av diskriminert skeive minoritetar, er desse uttrykk for storsamfunnet sine til ei kvar tid vekslande syn på kjønn og seksualitet meir generelt.

Sjølv om Johansen vel ei tradisjonell kronologisk historieskriving, så er likevel noko av det mest interessante med boka at den får fram alle spenningane og diskusjonane opp gjennom tida. Historia er ikkje alltid lineær, og det er ikkje alltid enkelt å avgjere korkje utviklinga er progressiv eller ikkje. På 1970-talet var til dømes Kim Friele og DNF-48 særs kritiske til å arbeidde for felles ekteskapslov. Dei ville ikkje at homofile skulle reprodusere ein arkaisk institusjon som ekteskapet, men heller utfordre storsamfunnet sin hyllest av det tradisjonelle samlivet. Dette perspektivet forsvann gradvis i takt med at kampen for ekteskapslov og adopsjonsrettar tok over. Skeive linjer i norsk historie gir eit lettlest og oversiktleg innblikk i den stolte og radikale arven som den skeive rørsla bygger på. Samstundes treng vi meir historisk kunnskap om det skeive kvardagslivet i Norge, slik at vi kan forstå vår eiga samtid betre.

Share This