Vi i FETT likar sjølvsagt alle folk som gjer bra ting, og her ein dag fekk vi ein epost med ein super invitasjon vi gjerne ville bringe vidare til alle: Tidsskriftet Rødt! skipar nemlig til kvinnepolitisk konferanse!

Det skjer i BUL-salen i Oslo, laurdag 10. november. Konferansen skipar dei med støtte frå Tidsskriftforeningen og Fritt Ord, og programmet er knallbra. Sjå berre her:

Program:
Klokka 1045–13:
Er likestilling nok?
– Jorun Gulbrandsen: Likestilling og/eller frigjøring?
Klokka 13-14:
– Marie Sneve Martinussen: Bare pissoarer bak scenen!
– Gerd von der Lippe: Hvem får pengene i idretten?

Klokka 14–16:
Abortkampen i USA og Norge
– Ellen Aanesen: Abortkampen er ikke historie
– Judith Mirkinsson: Abortkampen i USA

Klokka 16–17:
Makt og seksualisert vold
– Aud Karin Bjørn og Seher Aydar

Påmelding og meir info finner du på vevsidene til Rødt!, der du òg kan lese artiklar skrivne om dei forskjellege innleiingane. Og vil du sjå kva andre fine folk som kjem kan du sjekke ut facebookhendinga. For vanlege vaksne kostar det 150 kr, men er du elev eller student kostar det berre 50 spenn. Det er ganske lite, altså!

Share This