Først kom F-ordet, så kom Den store rumpefeiden. Den tredje boka til Marta Breen og Jenny Jordahl handlar om 60 damer dei gjerne skulle ha møtt.

Tekst og foto: Elise Løvereide

dsc00986

– Vi ønsker å synleggjere kvinnene som bidro til historia, trass i motgang frå nesten alle rundt seg. Kvinner som har blitt gløymd, og som ofte må hentast fram av andre kvinner, seier Marta Breen.

Ho har lang fartstid som forfattar og journalist, og blei ifølge seg sjølv født feminist. Jenny Jordahl er illustratøren og teikneserieskaparen som vann konkurransen om å bidra til boka F-ordet. 155 grunner til å være feminist (2015), då Breen skreiv denne i lag med Madeleine Schultz.

Sidan har Breen og Jordahl jobba med dei 60 damene dei valde ut til boka (Den store rumpefeiden frå 2016 er ifølgje Breen berre ei mellombok).

– Eg gjekk på bokhandelen for å finne ei bok om Gina Krog. Då gav mannen meg ein biografi om Gerda Grepp. Dei levde ikkje ein gong på same tid, seier Jordahl, til latter frå salen.

– Mange tragedier

Kriteria for å bli med i boka, var ifølgje forfattarane at det gjekk føre seg litt «action» i tillegg til historia om kven dei var, og kva dei gjorde.

– Det var mykje tragediar i desse forteljingene. Anna Munch, til dømes, ønskte å skrive. Men då ho ikkje fekk lov av mannen, skilte ho seg frå han. Sidan skilsmissa var sjølvforskyldt, mista ho pengane sine, og ingen ville tilsette ei skilt dame. Så forelska ho seg i ein ny mann, berre for å finne ut at han var homofil.

Breen og Jordahl har ikkje tatt stilling til dei ulike kvinnenes religiøse eller politiske ståstad. Boka skildrar livet til damer både på venstre-og høgrepolitisk side, samt religiøse kvinner, som presten Ingrid Bjerkås.

Historia er dominert av menn

– Kvifor var det viktig å skrive denne boka?

– Fordi historia til alle tider har blitt skrive av og om menn. Framleis er det slik at åtte av ti biografiar handlar om menn, i tillegg til sju av ti aviskjelder, tre av fire hovudroller i film, og to av tre nekrologar. Ein skulle nesten tru at det berre er høgt utdanna middelklassemenn som døyr, seier Breen.

Men også gatebiletet skildrar ei mannsdominert verd. Dei fleste gatenamn og statuar viser menn.

– Mange peiker jo på at det er fleire kvinnestatuar i byane. Men berre eit fåtal av desse har både eit namn og klede på seg, seier Jordahl.

«Høvlar» over 60 damer

Å skrive 60 damer du skulle ha møtt er derfor ei oppmoding om å at det blir laga fleire biografiar, filmar og seriar om norske kvinner gjennom historia. I tillegg fyller boka ei bit av historia, som forfattarane syntest mangla.

– Ein får eit inntrykk av at kvinner ikkje har gjort noko særleg før på 70-talet. Kvinner utgjer halve befolkninga, men har blitt underrepresenterte og fråtatt dei same mogelegheitene. Det var liksom «ukvinneleg» å gjere noko utanfor stova si, seier Breen.

I lettlest teikneserieformat trur forfattarane at lesaren vil få eit breiare historiefokus på kort tid. Eigentleg skulle boka heitte «60 damer på ein time», men då satte Jordahl foten ned.

– Det høyrdest ut som om ein skulle høvle over 60 damer på ein time. Mange trur også at boka heiter «Sexy damer du skulle ha møtt», men det er altså talet 60, forsikrar Breen.

– Damene imponerer mest

Mange av kvinnene i boka er pionerar, og har oppretta noko som eksisterer den dag i dag. Til dømes var Betzy Kjelsberg med å starte organisasjonen Skuld, som er forløyparen bak Norsk kvinnesaksforening. Marie Høeg er pioneren som kan seiast å vere forløyparen bak Den Selskabelige Diskusjonsforening.

– Kva slags fellesstrekk finst mellom dei 60 kvinnene?

– Dei aller fleste kom frå ein priviligert heim. Eit anna fellestrekk er at mange av dei hadde liberale fedrar som tillat dei å realisere draumane sine. Men det er viktig å nemne at alle opplevde ein form for motgang frå omgivnadane, seier Jordahl.

Breen er einig.

– Damene som lyktast, imponerer meg meir enn mennene som gjorde det. Dei klarte det trass i færre retter, låg tilgang til utdanning og ikkje minst, sterke reaksjonar frå sine samtidige.

Share This