Eit stikk i sida til mannlege kunstnarar
Den feministiske kunstnaren Lynda Benglis har i år utstilling i Bergen. – Ein revolusjonerande kunstnar, meiner både KODE-direktøren og kuratorane.
Amerikanske Lynda Benglis fekk landsdekkande merksemd etter at ho i 1974 stilte naken med ein enorm dildo i ei annonse. Annonsen i Artforum førte til at fleire i redaksjonen slutta i protest; men Benglis hadde allereie fått sitt kunstnariske gjennombrot på 1960-talet. Å vere kvinnelig kunstnar på den tida, betydde å vere i mindretal. Mange av Benglis verk skildrar derfor denne mannsdominansen, slik dildoen var meint å illustrere.
– Ein stor samtidskunstnar
Laurdag 6. februar opna KODE- museet, arrangert av Bergen Assembly, utstillinga til den feministiske kunstnaren.
– Lynda Benglis er ein stor samtidskunsnar og forbilde, seier dei danske kuratorane for utstillinga, Rhea Dall og Kristine Siegel.
Dei har begge base i Berlin ved kunstsenteret Praxes, men kjem til Bergen i høve samarbeidet med Bergen Assembly.
– Det som kanskje kjenneteiknar Benglis mest, er fargane og dei ulike materiala. Ho brukar plast, skum, lateks, voks og strekka papir – men fotografi og video er òg under Benglis’ kunstsignatur. Det er hennar statement, seier Siegel.
Kuratorane fortel at ho på Whitney Museum of Art i 1968 tømte rosa maling over heile golvet, noko som kom overraskande på dei mannlige kunstnarane på den tida:
– For dei var det sort-kvitt, det var pengar, maskulinitet og minimalisme. Ho var unik og revolusjonerande på denne tida. Det vart kanskje eit humoristisk stikk i sida til hennar mannlige samtidige, fortel kuratorane.
Tekst: Elise Løvereide
Statsviter, redaksjonsmedlem i Fett og journalistpraktikant i Firda/Nynorsk avissenter
Kven er Lynda Benglis?
Lynda Benglis, fødd i 1941 i Louisiana, USA. Benglis fekk sitt gjennombrot på slutten av 1960-talet og har arbeidd med ei rekkje kunstformer: skulpturar, måleri, performance, video og konseptuell kunst.
På KODE
Verket Primary Structures (Paula’s Props) frå 1975 dukkar rett inn i Lynda Benglis si humoristiske irettesetting av sine mannlege samtidige. Installasjonen – ein merkeleg samling av «found objects» som fløyelsstoff, øydelagde søyler, ein leikebil, eit fikentre – er både ei tidstypisk (postmoderne) sprengning av syttitalets estetikk og eit framsynt førevarsel om notida si installasjonskunst.
Utstillinga på KODE skjer i regi av triennalen Bergen Assembly og er kuratert av PRAXES, eit kuratorteam frå Berlin beståande av Rhea Dall og Kristine Siegel.
Homopolitisk statement
Eit stikk i sida var likevel ikkje eit kamprop. Feministane vende Benglis ryggen for å ha blotta seg med dildoen i Artforum, som dei meinte var eit misbruk av kvinnekroppen. For Benglis sjølv var annonsen kanskje meir eit homopolitisk statement, trur Dall og Siegel.
– Benglis sympatiserer med kvinnerørsla, men er kunstnar framfor alt. Ho dyrkar kreativitet, popkultur og glitter, og er evig eksperimentell. Derfor kunne vi heller ikkje presse saman all den varierte kunsten hennar i éi utstilling.
På opninga er eit verk frå «Primary Structures» (1975) stilt ut på golvet i KODE 4. Eit blått fløyelssteppe ligg krølla utover, medan søyler står på rekkje og rad. Ei søyle er broten, ei ber ein plastbil og ei anna ein Jesusstatue med hjartesmykke rundt halsen. Rundt søylene står store plantar som rammer inn verket.
Feministisk ikon
Kunstdirektør ved KODE, Karin Hindsbo, er samd i at Lynda Benglis er eit stort kunstnarnamn, så vel som eit feministisk ikon:
– Benglis er ei legende, ein konseptuell og revolusjonerande kunstnar, og det skulle berre mangle at ho får denne plassen.
I september kjem kunstnaren sjølv til Bergen for den neste utstillinga. Kuratorane Dall og Siegel skildrar ei dame med jernvilje.
– Då vi var i USA og besøkte ho, møtte vi ei dame som visste kva ho ville. Vi skulle ete meksikansk og prate om mannen hennar, seier dei to kuratorane lattermildt.
Benglis sympatiserer med kvinnerørsla, men er kunstnar framfor alt