Haust eller vår? Vin eller øl? Pompel eller Pilt, sosialisme eller kommunisme, Darwinisme eller dørwinisme? Ragnar Hovland og Mette Karlsvik har skrevet hver sin tekst om valg, men klarer du å lese hvem som har skrevet hvilken? Løsningen på gåten finner du nederst på siden.
David Irving skulle komme til Norsk Litteraturfestival. Så skulle han ikkje komme likevel, men kom, og gjekk, som Stig Sæterbakken, som var kunstnerisk leiar på festivalen, som gjekk, og blei invitert tilbake for å halde eit foredrag. Ja, nei, ja er ei bok som lærer folk å reise seg og gå; som gjer ideologi ut av skilsmisser. Skilsmisme er å gjere rett for alle det som er rett for den som ikkje lenger held ut. Dørvinisme er å gjere ideologi ut av det som David Ivring seier; som til dømes I have no plans to marry an ape or rastafarian.
Apa ida har artsnavn Darwinius Massilae, og darwinisme er å tru på at vi alle er heltar, heroes og heroines.
Heroinisme er giftisme, læra om at alle ismar er gift. Morfinisme og farfinisme å idealisere forfedra sine. Landsfader Einar Gerhardsen bur heime hos mor si til han er 35, og bruker laurdagskveldane på telttur med kompisar. Dei tar Holmenkollbana mot Bogstadsvatnet, har med seg blekkboksar med kakao rørt ut i vatn, og tenner bål. Dei steiker skiver av brød og torskerogn, og viser at det går an å ha det gøy utan alkohol, at ekte rus kjem innanfrå, at ekte rus er å reise seg og stå.
Den vesle apa Ida reiser seg, men snublar i store framføtter, blir liggande, og dekt av lava. Å falle i bokstavar er bokstavisme, som er å ramle ned Bogstadveien og henge på Litteraturhuset, å stå i ei klynge borte ved baren, gløtte bort på Almaas og Brenner, prøve å fange blikket til Siss Wiik eller Karin Haugen, og pimpe vin og dyrke ordisme, journalisme, kanskje, som er å bruke dei same, forslitte poenga, poeng som det om Oddvar Brå som knakk staven.
Det er å legge hovudet på ei blokk, eller gå i flokk; når ein boikottar Hamsun, til dømes, gjer alle det, og blir også kalla anti-hamsunisme.
Humanisme er å like folk, og herregud, de veit ikkje kor vakre de er, var eit slagord tagga på veggar over Bergen i forfjor. På veggar i København skriv taggarar at egoistar ikkje snakkar stygt om andre. Dei snakkar ikkje om andre.
Positivismestrid er spørsmålet om alt eg skriv her er løgn, stridsøks ei øks med stort øksehode, strietapet noe som heng att frå søttitalet, og er sentimenalt, alt absolutisme er totalitært, er Mao, Stalin, Pol Pot. Potet bestemt form av pot, og ei rotfrukt som stimulerar utskilling av serotonin; eit lykkehormon utan annan biverknad at du blir trøytt. Konsentrasjonen av stimulerande stoff er særleg høg i nypotet, som du får om hausten, etter valet.
Domena FuckFrp.com, FuckFrp.info og FuckFrp.biz er kjøpte opp av Frp. FuckFrp.no er framleis ledig. Det kostar bare 300 kroner. Eg forbannar at det er blitt så jævla billig å hetse politikarar ein ikkje liker. Eg ønsker at det ikkje var så naudsynt at det blei så vanleg.
No kjem tekst to:
Eit vegskil
No er det spørsmålet. Aldri har vel trillekofferten kjenst tyngre, og aldri har det vel verka meir i alle ledd. Også i ledd ho aldri har visst om at ho hadde. No kan det vere om å gjere å sitje musestille ei stund og kjenne etter. Kanskje har det aldri vore så om å gjere som no, og spørsmålet aldri vore så tyngande. Dei to vegane ser tilsynelatande heilt like ut. Men ho veit godt at slik er det no ikkje. Om den eine t.d. hadde vore smalare enn den andre, hadde det knapt vore noko spørsmål å snakke om. Ho tenkjer at skilta var annleis før, tydelegare på ein måte, mindre forvitra. Det var vanskelegare å gå feil.
Ho ser seg rundt og tenkjer at det muligens er bjørnar i skogen, digre binner som vaktar på ungane sine og ikkje lar framande kvinner kome nær innpå dei. Det var slikt bestemora hadde fortalt, om langhåra bjørnar som bortførte jenter frå soveromma om natta og ingen såg meir til dei, dei bleike og lengtande jentene.
Det er ingen folk å sjå, ingen å spørje. Ingen gammal bonde trassig på veg heim over markene. Og ingen bilar ferdast visst på desse vegane. Ho tenkjer at det er litt trist å vere komen heilt hit og ikkje vite kor vegen går vidare. Dei andre er sikkert framme no, velkomstdrinkane kjem på bordet, det blir sagt skål og velkomen, og kanskje det er nokon som etter ei stund vil merke at ho ikkje er der og tenkje at det var då underleg. Ho som alltid bruker å vere så presis.
Ho ser at hjula på trillekofferten nesten er heilt nedslitne. Dette blir vanskeleg, same kva veg ho no tar.
Eller kanskje ingen vil sakne henne. Kanskje ingen vil tenkje over at det skulle ha sete nokon på den tomme plassen der stolen etter kvart blir tatt vekk.
Ho opnar kofferten og ho tenkjer at det er jo ikkje underleg at den er tung og hjula nedslitne. Her ligg jo alt muleg, og korleis kunne ho tenkje seg at ho skulle få bruk for alt saman? Ho må vel kunne kvitte seg med noko? Ho tar ut alle familieportretta, dei tolv skopara, lesesirkelbøkene, julekorta som aldri blei lesne, bunaden som knapt har vore brukt, middagstallerkane og servisa, lampettane, løparane, konfirmasjonskorta, ludobrettet, hekletøyet, serviettsamlinga, dei utklipte avisartiklane der namnet hennar er nemnt, skulevitnemåla, fiolinane, dei vonde minna, formaningane frå mora.
Ho lukkar kofferten på ny, og den kjennest ganske mykje lettare. No kan ho nok trille den ei stund til.
Då bilen stoppar, ser ho straks at sjåføren ser snill og litt pjuskete ut og absolutt ikkje verkar som nokon mordar. Ho håper at han ikkje vil sjå alt det som ligg strøydd rundt henne og spør om han er kjend her omkring, i dette flate og dystre landskapet der det no sikkert snart kjem til å regne. Eit regn som vil gjere alle planar umulege.
Der ho sit i baksetet og hutrar litt, ser ho seg ein siste gong tilbake på det som ligg att etter henne, familieportrett, nokre sko, ein bunad, eit hekletøy, nokre fiolinar og lampettar og ein del ting som ho ikkje lenger kan skimte i mørket som no fell på.
Løysing: Mette Karlsvik har skrive tekst ein.