30-talets arbeidarkvinner gjorde opprør i mannsbastionen LO. Er det no behov for ei ny kvinnemobilisering i fagrørsla?

Tekst: Erlend Vågane, redaksjonsmedlem i Fett

To breie sosiale mobiliseringar har dei siste hundre åra satt djupe merker i det norske samfunnet: Fagrørsla og kvinnerørsla. I dag utgjer kvinner nesten halvparten av landets arbeidstakarar. Kvinner i arbeid er meir verdt enn olja for Noreg; «Finansministeren bør takke norske kvinner daglig,» seier Jens Stoltenberg. Samstundes har vi ein kjønnsdelt arbeidsmarknad med store lønsskilnader og ei fagrørsle som framleis primært representerer menns interesser på sentralt hald. Det kunne freiste å hevde at ein kunne lære eitt og anna av historia: Vi treng kvinnelig fagorganisering også i 2013!

Kven sine krav står ein på?

I førre nummer av Fett fortel SV-veteran Torild Skard at hennar mor sannsynligvis var den einaste som i mellom- krigstida var med i både Norsk Kvinnesaksforening og i arbeidarrørsla. Forteljinga illustrerer at dei to rørslene til dels hadde ulike mål og verdiar, men også at arbeidarrørsla i hovudsak var for og av menn, sjølv i ei tid då stadig fleire kvinner tok løna arbeid ute. Kva som var arbeidarane sine interesser har blitt definert av menn, som Gro Hagemann påpeiker i Kjønn og industrialisering. I dei tidlige åra av kvinnelig fagorganisering var det snarare for å vise solidaritet med arbeidande menn enn for å fronte eigne interesser ein organiserte seg. Hovudprinsippet for fagrørsla var lenge at mannen si løn skulle vere nok til å forsørgje familien. Kjønn er med andre openbart ein viktig faktor i arbeidshistoria; det å vere både kvinne og arbeidar har vore, og er, ein utfordrande posisjon.

Uutdanna fuskarar

Hagemann legg spesiell vekt på industrialiseringa av tekstilproduksjonen, ein sektor kor kjønnsmotsetningane er svært tydelige. Faginteressene var frå 1600-talet ivaretekne av skreddarlauga. Etter kvart vart skreddarane sin posisjon truga av skreddarsvennane, som slo seg opp som ein ny arbeidarklasse. Då produksjonen utover siste halvdel av 1800-talet vart stadig meir industrialisert, vart saumyrket også meir overtatt av kvinner. Dei flytta i større grad enn menn til byane – i 1910 var det 126 kvinner per 100 mann i Kristiania – og spesielt ugifte kvinner tok over enklare oppgåver og vart løna av svennane sjølve.

Svennane hadde likelønskrav som gjorde prosuksjonen, men kvinner som var billigare i drift kompenserte for dette. Samstundes gjorde auka spesialisering av produksjonen at arbeidsgjevarane kunne tilsette fleire av dei og dermed gjere seg mindre avhengige av dei kampvillige svennane. Dette førte til konfliktar mellom arbeidstakarane: kvinnelige og uutdanna «fuskarar» mot menn med fagbrev. Uansett var det mennene sine krav som nådde fram. Dei var betre i forhandlingar, og kvinnene hadde ingen tradisjon for kollektiv organisering. Mennene oppnådde i det heile tatt langt meir enn kva deira talmessige del av arbeidsstokken skulle tilsei. Kvinner kunne vere minst like kompetente i saumyrka, då dei gjerne hadde både opplæring og praktisk erfaring frå heimen som dei tok med inn i industrien, men når det kom til status hadde dei likevel mykje mindre å skilte med.

Prisen for likebehandlinga

Mens kvinnesaksforkjemparane ønskte konsekvent og full likebehandling av kvinner og menn, kjempa mange innan fagrørsla for særvern av kvinner, til dømes for forbod mot nattarbeid, eit forbod Kvinnesaksforeninga var sterkt imot. Ser ein på dei svært ulike forutsetningane dei fleste kvinner i praksis hadde for å jobbe og tene på likefot med menn, er det til å forstå at arbeidarkvinnene hadde problem med delar av likestillingstanken.

Ein skandinavisk arbeidarkongress mot slutten av 1800-talet vedtok at kvinner og menn burde fellesorganiserast. Typografane valde denne strategien, og innlemma kvinnene tidleg i fagforeninga. Men krava om full likeløn for alle medlemmer førte til at kvinnene vart skvisa ut av arbeidet fordi dei hadde lågare formell utdanning. Trykkerskene gjekk derfor ut igjen av fellesforeininga i 1902 med ei dyrekjøpt erfaring av likebehandlinga si bakside.

Likebehandling versus særorganisering

Skreddarsvennane var i motsetning til typografane i mange år skeptiske til å gjennomføre vedtaket i praksis. Dei såg kvinnene i all hovudsak som farlige konkurrentar med ulike interesser, som derfor måtte fronte sine saker gjennom si eiga fagforeining. Då mellomkrigstida var nådd, var kvinneorganisasjonen så svak at dei gjekk inn i Skreddersvennenes Forening utan å få gjennomslag for sine krav i forhandlingane om overføring. Utover 1930-talet oppstod det eit internt opprør blant arbeidarkvinnene som på ny sette særorganisering på agendaen. Bakgrunnen var nettopp at det var vanskelig å nå gjennom med synspunkt og krav i fagrørsla, samt LO-leiinga si restriktive haldning til at gifte kvinner skulle kunne jobbe. Resultatet var at det vart oppretta ei eiga kvinnenemnd sentralt i LO, som eksisterte heilt til 1973; I løpet av perioden hadde kvinneandelen i LO vakse frå om lag 15 til 30% – størstedelen i Bekledningsarbeider-forbundet – og ulik løn for kvinner og menn hadde blitt avskaffa i 1961. 40 år seinare bør det framleis spørjast om interessene til arbeidande kvinner er sterkt representerte i fagrørsla.

Ei kontroversiell maktforskyving

Fagrørsla har alltid hatt rykte på seg som ein mannsbastion, ikkje minst på toppnivå. Først i 1985 vart ei kvinne vald til leiar for eit større LO-forbund, då Liv Nilsson tok over roret i Norsk Kommuneforbund. I 2001 vart Gerd-Liv Valla den første kvinnelige leiaren i Landsorganisasjonen, men måtte som kjent gå av i 2007 i kjølvatnet av den mykje omtalte Yssen-saka. Saka var i media ein pirrande kvinne-mot-kvinne-konflikt, med sterke personar som stod steilt mot kvarandre og klønete medieutsegn frå generalsekretæren. Men i det (fag)politiske spelet var det også interessekonfliktar mellom menn og kvinner.

Magnus Marsdal peikte i tidsskriftet Prosa i 2008 på ei rekke ulike maktpolitiske dimensjonar i saka. Kanskje meir interessant enn at Valla sjølv var første kvinnelige LO-leiar, var at ho hadde sin maktbase i Fagforbundet, med i hovudsak kvinner (83%) tilsett i offentlig sektor.

Tradisjonelt har LO-leiaren representert mannsdominerte forbund i privat sektor, kor løna har vore langt høgare. Sentralleiinga i LO har følgjelig i stor grad delt politisk syn med statseliten, den sentrale Ap-leiinga: Ja til EU, ja til gasskraft, nei til skatteauke for å styrke offentlig sektor, og ei liberal haldning til privatisering.

Valla var på si side mellom anna sterkt mot privatiser- ing av offentlige arbeidsplassar – kor hennar (kvinnelige) støttespelarar var tilsett. Den første Stoltenberg-regjerin- ga privatiserte meir enn Høgre-regjeringa gjorde i peri- oden før, noko som også førte til uvante frontar mellom LO-leiinga og Ap. Ho var også sentral i å nedkjempe sykelønsreformen som vart fronta av Bjarne Håkon Hanssen, den kanskje mest utprega høgremannen i Ap-leiinga.

Kvinnekamp ikkje politisk praksis

Då konflikten med Ingunn Yssen oppstod, fekk Valla mest trufast støtte frå venstresida: Trond Giske i Ap og leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, brannmannen frå Arna. Davidsen grunngav eksplisitt si støtte til Vallas innsats med at ho dreia fokuset til LO – og dermed også Ap og regjer- inga – mot likeløn og lågtlønte kvinners kår. Jens Stoltenberg markerte seg på si side som ein viktig motstandar av Valla sin sterke posisjon. Hennar tydeligaste motstandar var likevel Kjell Bjørndalen, som var leiar for Fellesforbundet – den største fagforeininga i privat sektor, og medlem i Aps sentralstyre. Det var Bjørndalen som overraskande krav saka granska, eit viktig dytt i retning av slutten for Vallas tid. Då ho gjekk av, vart «balansen» mellom LO og statseliten gjenoppretta ved at Roar Flåthen tok over. Også han har sin maktbase i det mannsdominerte Fellesforbundet.

Mykje er sagt og skrive om Valla og hennar avgang, og vi vil sannsynligvis aldri få vite kor viktig den politiske dimensjonen var i prosessen som førte dit. Likevel viste åra med Valla som generalsekretær at det å kjempe spesielt for kvinner i arbeidslivet heller ikkje i dag er etablert politisk praksis.

Gjer di plikt, krev din rett

Ein Fafo-rapport frå 2008 viser at det er fleire kvinner enn før som er representerte som leiarar i LO-forbunda, ei positiv utvikling som har vart over tid. Likevel er menn overrepresenterte i verv, spesielt i kvinnedominerte forbund, og fleire forbund melder at dei slit med å rekruttere kvinner til tillitsverv lokalt. Samstundes finn rapporten at mange – hovudsaklig menn – sit lenge på sine posisjonar framfor å overlate dei til yngre krefter. Sjølv om mykje positivt utan tvil har skjedd når det gjeld kvinner i fagrørsle, eksisterer det ein maktulikskap mellom kjønna som tilsynelatande er større enn dei fleste andre stader i samfunnet. Idretten er mindre likestilt, men har nok på same tid også mindre samla makt. Dei store kvinnepolitiske utfordringane i arbeidslivet er veldokumenterte og velkjente: Kjønnsdelt arbeidsmarknad, stort lønsgap og om lag 100 000 på ufrivillig deltid. I tillegg er skilnadane store når det gjeld deltidsarbeid generelt: 42% av alle kvinnelige lønstakarar jobbar deltid, mot 13% av dei mannlige. I den vestlige verda har organiseringa av arbeidet alltid vore kjønnsdifferensiert, både når det gjeld arbeidsdeling og maktforhold, men ei kjerne i kvinnekampen har vel alltid vore å utfordre og endre slike «naturtilstandar». Dei politiske verkemidla for å løyse desse utfordringane framstår som uklare, men utan større jamlikskap i dei foreiningane som faktisk skapar endringar i arbeidslivet, vil oppgåva uansett bli vanskelig.

Kor vart 6-timarsdagen av?

Både kvinnerørsla og arbeidarrørsla har lykkast med å skape store endringar i det norske samfunnet. Men historia viser at «kvinnelig arbeidar» ikkje er det same som «arbeidar» i praktisk politikk. Sidan 1994 har den årlige konferansen «Kvinner på Tvers» blitt gjennomført som eit samarbeid mellom kvinnedominerte fagforeiningar og feministiske organisasjonar. Tema er kvinnepolitiske arbeidsspørsmål som endringar i pensjonssystemet, arbeidstid (6-timarsdagen er ei tradisjonell kvinnesak) og sjølvsagt likeløn. Slik organisering er det – dessverre – behov for, i mangel på reell makt bak dei fagpolitiske kvinnesakene. Torild Skard nemner i førre Fett-utgåve at ho er uroa for at kvinner i dag er for svakt organiserte. Det har ho grunn til. Mange feministar – kvinnelige og mannlige – snakkar i desse dager om netthets av kvinner i offentligheita, mens langt færre diskuterer organisering av kvinner i den mektige, men kjønnskonservative fagrørsla. Kva er arbeidskvinners behov, og korleis kan dei praktisk kjempast gjennom? Desse spørsmåla – gamalmodige som dei er – bør høgare opp på den feministiske agendaen mens jubileumsrusen framleis går i blodet. For ja, det er behov for ei ny mobilisering av og for vanlige kvinner i arbeid i det nye hundreåret.

Kjelder:

Gro Hagemann: Kjønn og industrialisering (1994)

Magnus E. Marsdal: «Politikk som Tuppen og Lillemor», i Prosa #1 2008

Torstein Tranøy: «Vallas fall og Stoltenberg», i Dagbladet 14.12.2007

Anne Kari Hinna: «Til kamp for mor – Intervju med Torild Skard», i Fett #4

2012

Karen Christensen & Liv Johanne Syltevik: «Introduksjon», i Kvinners arbeid (2008)

Mona Bråten og Kristine Nergaard: Fafo-rapport – Kvinner i fagbevegelsen (2008)

kvinnerifagbevegelsen.no

arbeidslivet.no

kvinnerpatvers.no

Ja, og så Wikipedia, då

En lett omarbeidet versjon av denne teksten sto på trykk i Klassekampen tirsdag 05.03.13

Share This