Den sommaren eg var avhengig av porno

Det var den Herrens sommar 1992, og eg var ni år. Livet mitt hadde så langt vore godt, og denne sommaren skulle det bli endå betre.

Tekst: Agnes Ravatn (f.1983) er journalist og forfatter.
Illustrasjon: Ole Ivar Rudi (f.1985) er frilans illustratør og grafisk designer.

Forside Fett 3/15 – Porno
Illustrasjon: Ole Ivar Rudi

 

Det var den Herrens sommar 1992, og eg var ni år. Livet mitt hadde så langt vore godt, og denne sommaren skulle det bli endå betre. I byggefeltet vårt var det fellesferie, og alle dei kristenkonservative og vestlandspietistiske venninnene mine, som eg pleide å byte glansbilete og hoppe hoppetau med, var reist bort. Foreldra mine var óg borte, av ein eller annan grunn, og dag etter dag dreiv eg rundt i gatene og i skogane for meg sjølv. Eg klatra i tre og drøymde om å bli personleg venn med eit ekorn som heldt til i strøket på den tida. Så ein dag, i ein lysning i skogholtet, såg eg to skikkelsar som tause betrakta meg i min einsame leik, og gjorde signal om at eg skulle kome bort. Eg drog straks kjensel på dei: det var søskenparet frå den dårlege heimen.I den dårlege heimen var det lovlause  tilstandar.

Der me andre ungane måtte hogge ved i timevis for å få lov til å slikke bollen då mor vår ein sjeldan gong baka kake (med kakebotn av havrekli og glasur av knuste sukettar og vatn), gjekk dette søskenparet rundt dagen lang med nugattiboksar og spiseskei. Der me andre klappa katten, tok søskenparet frå den dårlege heimen ulovlege karatespark på tørkestativet. Mor deira lukta litt for sterkt av parfyme, og laget med brunkrem var litt for tjukt. Far deira såg me nesten aldri. Arbeidet hans var av ein heilt annan karakter enn kva våre lærarforeldre dreiv med, men det var óg alt me visste. Søskenparet frå den dårlege heimen var alltid skitne i ansiktet; storesøstera hadde røykehud sjølv om ho berre var elleve, og veslebroren som var åtte hadde bøllehals, det vil seie T-skjorter med altfor vid hals på grunn av slåstkampar. Foreldra mine likte ikkje å ha dei buande i byggefeltet og såg på dei som eit potensielt trugsmål, men kunne ikkje seie det direkte, sidan dei var medlem av Naturvernforbundet og SV, og trudde at det var noko godt i alle menneske.

Eg slapp meg ned frå greina eg hang i og gjekk bort til søskenparet frå den dårlege heimen. «Skal me vise deg noko», sa søstera, med si låge og mørke stemme. Eg blei med dei heim for å sjå kva det var dei hadde å vise meg. Eg hadde aldri vore der før. Huset deira såg heilt annleis ut inni enn vårt. Der våre møbler var laga av furu, var desse laga av glas. Der mine foreldre høyrde på den latinamerikanske folkemusikkgruppa Altiplano, høyrde desse foreldra på Bonnie Tyler. Lufta bar sterkt preg av sigarettar, tyggis og eit større lager med Wunderbaum dei hadde i garasjen. Ingen av dei vaksne var heime.

«Kva er det de skal vise meg?» sa eg, medan eg gjekk rundt i det framande huset som ein snushane i ein nyopna leikebutikk.

«Ein video som me fann i skapet til mamma og pappa», svarte søstera med røykestemma si: «På soverommet».

«Ikkje teiknefilm», supplerte veslebroren raskt.

Me sette oss på golvet framfor TV-en, og storesøstera putta ein video inn i spelaren. Alt før filmen var i gang hadde eg ei slags intuitiv kjensle av kva det var eg hadde i vente. Då musikken starta, tiltok kjensla i styrke. Me sat der tause og berre såg. Søskenparet hadde sett det før, såpass skjønte eg, men dei verka like mottakelege som meg. Etter kort tid kjende eg at dette var noko som interesserte meg. Dei vaksne personane på skjermen dreiv med ting som eg tidlegare berre hadde hatt ei vag førestilling om. Men her var det vegen, og ikkje målet, som gjaldt. Me sat der, eg og søskenparet, i den dårlege heimen, heilt alvorlege og tause og storøygde, og berre såg og såg på denne filmen. Kor lenge me sat slik anar eg ikkje, men brått høyrde me mor deira sin bil i oppkjørselen, og me reiv filmen ut av spelaren og styrta i kvar vår retning. Eg sprang for livet, og såg meg ikkje tilbake før eg var komen heim.

Då eg hadde lagt meg den kvelden, tenkte eg på kva eg hadde sett. Eg kjende ei blanding av skam og sterk lyst til å sjå meir. Eg kjende meg både forderva og opplyst på éin og same gong. Dei neste dagane heldt eg meg heile tida tett i nærleiken av den dårlege heimen, og kvar gong eg såg eller høyrde mor deira kjøre vekk, sprang eg og ringte på. Så sat me i halvsirkel på golvet framfor TV-en og såg på pornofilmen, igjen og igjen. Kvar gong me høyrde bilen i oppkjørselen, pila me som mus til kvar vår kant. Om kveldane låg eg i senga og bad til Gud om at han måtte tilgi meg.

Sjølve handlinga i filmen var som følgjer: nokon oppdaga at kvinnelege kjønnssafter kunne nyttast av menn som parfyme for å tiltrekke seg andre kvinner. Det blei ein stor forretningssuksess, og opphavsmannen måtte ligge med stadig fleire kvinner for å skaffe meir parfyme, for marknaden var nesten ikkje til å mette. Det var i grunnen det heile om eg hugsar rett, og det var nok.

I fleire veker sat eg på golvet framfor TV-en, fiolett av skam og hemmelege lyster som ikkje kunne få utløp på anna vis. Søskenparet frå den dårlege heimen må ha kjent seg utnytta, og dei må ha forstått at eg berre kom for å sjå porno. Stort meir hadde dei ikkje å by meg. Dei stod for tilbodet, og eg stod for etterspurnaden. Betalingsmiddelet mitt var ikkje anna enn mitt blotte nærver. Og dei hadde kanskje aldri hatt ein omgangsvenn før, så dei godtok det stillteiande. Vennskapen vår var berre basert på ei felles interesse for porno. Det var dei som hadde gjort meg avhengig, og no måtte dei ta konsekvensen av det.

Men så gjekk det slik det brukar å gå: ein når eit metningspunkt. Pornoen stod liksom berre og spant og kom seg aldri vidare. Dei vaksne i filmen levde på eit vis ikkje noka liv utanfor kjønnslivet sitt, og på den måten blei dei i lengda litt uinteressante. Sommaren var på hell. Snart ville dei kristenkonservative vennene mine kome heim frå ferie, solbrune og glade, og fulle av historier og kristne sommargåver (den dag i dag har eg tre identiske bokmerke med Nidarosdomen-motiv). Den eine bilen etter den andre returnerte til byggefeltet, og eg sprang gledesstrålande imot dei med mine vilkårslause velkomsthelsingar, kvar gong eg høyrde lyden av sommardekk mot grus. Eg kjende eit stikk av dårleg samvit då eg på eitt tidspunkt snudde meg, og fekk sjå søskenparet frå den dårlege heimen stå i bakgrunnen, under tørkestativet med nugattiboksane sine, taust stirande mot meg med mørke, einsame auge.

Kor familien i den dårlege heimen er i dag, veit eg ikkje. Dei flytta frå bygda sommaren etter, utan at me nokon gong fekk noka forklaring. Dei pakka saman pornofilmane, Bonnie Tyler-kassettane, dei halvferdig utfylte skilsmissepapira og blei borte. I løynd pusta foreldra våre letta ut, og i haustkvelden lokka dei oss heim med brunostskiver og kakao. Eg hadde vore avhengig av porno, men fiolinen og handballen overtok gradvis. O-faget – mitt svakaste fag – kravde meir og meir av meg. Bilda av mannen som måtte skaffe stadig meir parfyme kom til slutt heilt i bakgrunnen. Og no har eg gløymt namna til søskenparet frå den dårlege heimen. Men pornoen deira gløymer eg aldri.

Tekst: Agnes Ravatn (f.1983) er journalist og forfatter.
Illustrasjon: Ole Ivar Rudi (f.1985) er frilans illustratør og grafisk designer.

LES MER