Tekst: Amanda Sundby Hoff, sosionom og miljøterapeut, medlem i Kvinnepolitisk utval i FO

Brasils abortlov er i dag svært streng. No er ytterlegare innstramming av denne lova foreslått. Kor er det internasjonale engasjementet?

Sidan Jair Bolsonaro, som har tydelege rasistiske, kvinnefientlege og homofobe haldningar, og gjekk til val mot blant anna abort, LHBT-rettar og likekjønna ekteskap blei president i 2019, har det blitt fremja heile 43 lovforslag i parlamentet som vil innskrenke den gjeldande abortlovgjevinga. Ingen er behandla enno – men med konservative Arthur Lira som ny parlamentspresident og eit presidentval i 2022 kan dette endre seg. I Brasil er det per dags dato ei særs restriktiv abortlov. Det er berre lov å ta abort etter valdtekt eller dersom det er fare for mor sitt liv.

En kvinne holder opp en plakat i en demonstrasjon.

Brasiliansk aktivist i protest, med «Min kropp» påskrevet brystet. På plakaten står det: «Du blir provosert av ordet bitch? Hva med mannssjåvinisme?» Foto: Ramiro Furquim/Sul21

Parlamentet i Brasil er satt saman av to kammer, Representantanes hus og Senatet. For at eit lovforslag skal bli vedtatt må det godkjennes i begge kammer. I midten av mars blei lovforslaget «The Statute of the Pregnant Woman», PL 5435/2020, fremja i Senatet. Dette lovforslaget vil forby abort etter valdtekt. I tillegg vil lova gje overgripar rettar som far, noko som inneber at han får informasjon om, og rett til å ta del i, omsorga for barnet. Dersom lova blir vedteke vil dette få fatale konsekvensar for jenter og kvinner som blir gravide etter valdtekt. Dei vil bli tvungen til å føde barnet, og blir knytt til sin overgriper også etter valdtekta. Behandlinga av forslaget er gitt prioritet, og vil truleg få rask behandling. I det politiske klimaet som dominerer i Brasil, er det all grunn til å frykte at lovforslaget går igjennom. Presidenten sjølv har uttalt at han vil legge ned veto mot forslag som vil mjuke opp abortlovgjevinga, og han har stor støtte hjå kristenkonservative krefter i samfunnet.

I fjor haust blei abort ved alvorleg skade på fosteret ulovleg i Polen, noko som i praksis gjer abort forbudt. Kriminalisering av abort verken førebyggjer eller reduserer talet på abortar. Det bidreg kun til å setje kvinner sine liv og helse i fare. I Latin-Amerika og Afrika gjennomføres 3 av 4 abortar utrygt. Ein utrygg abort inneber å avbryte eit svangerskap i usikre og uhygieniske omgjevnader, eller utan kvalifisert helsehjelp. Dette kan medføre alvorlege komplikasjonar, og i ytterste konsekvens resultere i at kvinna mister livet. Strenge abortlover er difor eit klasse- og fattigdomsspørsmål. Kvinner med god råd reiser til Argentina for å få utført lovleg abort. Dette er ikkje eit reelt alternativ for mange kvinner i Brasil som lev i fattigdom. Over 20% av befolkninga i landet bur i favelaer, slumområder rundt byane.

Dersom lovforslaget i Brasil blir vedteke vil ikkje dette berre råke kvinner, men også mange born. I snitt gjennomførast det seks abortar etter valdtekt kvar dag på jenter mellom 10 og 14 år (BBC News Brasil, 2020). I august 2020 kunne vi lese om ei jente på 10 år frå Brasil som hadde blitt brutalt misbrukt av onkelen sin frå ho var seks år gamal, og som blei gravid då ho var ti. Denne jenta opplevde hets og trakassering frå kristenfundamentalistar som møtte opp utanfor sjukehuset der ho skulle ta abort. Ho måtte snikast inn bakvegen for å få gjennomført inngrepet, og har sidan måtte flytte på hemmeleg adresse for å unngå ytterlegare trakassering.

Eg har den siste tida snakka med nære bekjente i Brasil, unge kvinner som beskriv situasjonen som kritisk og trekk samanlikningar til boka «The Handmaid’s Tale» av Margaret Atwood. I boka blir kvinner fråteken alle sine rettar, og overgrep og diskrimminering blir lovleg. Dei fertile kvinnene blir utsett for rutinemessige valdtekter for å produsere born, deira einaste oppgåve i dette dystopiske universet.

Dei brasilianske unge kvinnene eg kjenner frå mitt eige opphald i Brasil, har innstendig bedt om mi hjelp til å rette merksemd rundt denne grove innskrenkninga av jenter og kvinner sine rettar. Det har vore lite merksemd rundt lovforslaget i internasjonale medier, noko som bidreg til ei kjensle av hjelpelause. Deira eigne moglegheiter for å demonstrere har blitt særs avgrensa ettersom Brasil er eit av dei landa som er hardast råka av koronapandemien. Å samlast for å demonstrere ute i gatene utgjer ei risiko for liv og helse. Motstandarane av lovforslaget har difor mobilisert på sosiale medier med slagord som «gravid med tvang er tortur», «ein valdtektsmann er ikkje ein far» og «vekk med voldtektspakka». No etterlyses det same internasjonale engasjementet som var til stades for dei polske kvinnene.

Eg oppfordrar også norske myndigheiter til å fordømme lovforslaget, og ta i bruk diplomatiske middel for å sikre kvinner sine liv, helse og menneskerettar. Det skulle berre mangle at vi med dei ressursane og erfaringane med likestilling bidreg til å påverke andre land mot slike statleg sanksjonerte overgrepet mot kvinner.

Våre medsøstre i Brasil treng oss!

Støtt Fett! Tegn abonnement eller kjøp enkeltugaver HER

Kjelder

«Hva skjer når en antifeministisk bølle blir president i Brasil», FOKUS (2019): https://www.fokuskvinner.no/aktuelt/saker/hva-skjer-naar-en-antifeministisk-boelle-blir-president-i-brasil/

«PL 5435 um dos maiores retrocesso aos direitos das mulheres», Andes (2021): https://www.andes.org.br/conteudos/noticia/pL-5435-um-dos-maiores-retrocesso-aos-direitos-das-mulheres1

Amanda Sundby Hoff er utdanna sosionom og jobbar som miljøterapeut ved ein barnevernsinstitusjon, er medlem i kvinnepolitisk utval i FO Vestland, og var i 2019 med å organisere Women’s March i Bergen. Etter eit år som utvekslingsstudent i Brasil då ho var 17, har ho framleis kontakt med vener og vertsfamilie frå tida hennar i der.

Share This