Fett søker redaksjonsmedlemmer i Bergen!

Søk innan 1. august!

Som redaksjonsmedlem får du sjansen til å bidra til å forme Noregs største feministiske tidsskrift. Dette frivillige vervet går i hovudsak ut på å planlegge sleppfestar i Bergen, bidra med innhald i tidsskriftet og anna redaksjonelt arbeid.

Fett har som målsetjing å vere ein plattform for ferske skribentar, og mange feministar har si første skriveerfaring frå tidsskriftet vårt. Som redaksjonsmedlem har du gode sjansar til å få eigne tekstar på trykk.

Send søknad på inntil ein halv side til redaktor@fett.no innan 1. august. Fortel litt om deg sjølv og kvifor du er interessert i å bli ein del av redaksjonen, og eventuelt kva slags oppgåver du kan tenke deg å bidra med. Vi oppfordrar folk med fleirkulturell bakgrunn, funksjonsvariasjonar og normbrytende kjønnsuttrykk til å søke.