Fett søker redaksjonsmedlemmer i Oslo!

Vil du være med å drive feministisk tidsskrift?

Fett søker redaksjonsmedlemmer i Oslo!

Som redaksjonsmedlem får du sjansen til å bidra til å forme Noregs største feministiske tidsskrift. Dette frivillige vervet går i hovudsak ut på å planlegge innhaldet i tidsskriftet, korrekturlese og bistå med anna redaksjonelt arbeid, i tillegg til arbeid med sleppfestar og andre arrangement.

Fett har som målsetjing å vere ein plattform for ferske skribentar, og mange feministar har si første skriveerfaring frå tidsskriftet vårt. Som redaksjonsmedlem har du gode sjansar til å få eigne tekstar på trykk.

Send søknad på inntil ein halv side til redaktor@fett.no innan 11. juni. Fortel litt om deg sjølv og kvifor du er interessert i å bli ein del av redaksjonen, og eventuelt kva slags oppgåver du kan tenke deg å bidra med.